Den frie kalvekvoten gjeld alle jaktrettshavarar i godkjende hjortevald i kommunen.
Bakgrunnen for ordninga er mellom anna ei målsetting om betre ressursutnytting og minka arealbrukskonfliktar i kommunen, og gjeld førebels i eitt år.
Det er sendt ut informasjon om dette til alle vald i kommunen på e-post.
Me håpar flest mogeleg vil nytte seg av ordninga.
Brev til jaktvalda - Kvotefri jakt på hjortekalv i Sogndal kommune
Brev frå Miljødirektoratet - Dispensasjon frå hjorteviltforskriften §18