Sogn friluftsråd vart i februar skipa som eit kommunalt oppgåvefellesskap i regionen, med deltakarkommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster.
Som ein nystifta organisasjon skal dei no staka ut kursen til Sogn friluftsråd og ynskjer at dine innspel skal vera med på å forma satsingsområda. Friluftsrådet inviterer difor interessentar til å koma med innspel i opne møte som blir arrangert rundt om i alle medlemskommunane. Lag og organisasjonar med aktivitet og friluftsliv som føremål vert spesielt oppmoda om å delta.
Her kan du også koma med innspel til tiltak og aktivitetar for Friluftslivets år 2025.
Møte i Sogndal kommune:
Tid: Onsdag 16. oktober klokka 17-19
Stad: Kantina på Saften, Leikanger
Tid: Onsdag 16. oktober klokka 17-19
Stad: Kantina på Saften, Leikanger