Det er gjort for å unngå at personar går glipp av støtte til strøm fordi dei søkjer for seint. Søknadar som kjem inn til etterbehandling, vil bli handsama fortløpande.

Slik søkjer du

Ønskjer du å søkja for tidlegare månadar, må du bruka papirsøknaden (pdf). Søknaden sender du til kommunen. Du kan bruka sikker digital post. Då treng ikkje søknaden å vera underskriven – pålogging og innsending via ID-porten er tilstrekkeleg.

Fleire kan få støtte til høge straumutgifter

På grunn av høge straumprisar, er bustøtta styrka i desember, januar og februar. Styrkinga gjer at fleire pensjonistar, uføre og andre med låg inntekt kan få bustøtte og ekstra støtte til straumutgifter i vinter.

Dette er endringane:

  • Grensene for inntekt er auka.
  • Reglane for formue er mellombels fjerna.
  • Ekstrautbetaling av straumstøtte til alle bustøttemottakarar.

Søknadsfristen er den 25. kvar månad, med vedtak og utbetaling månaden etter. Søker du innan 25. februar, kan du søkja på digitalt skjema hjå Husbanken.

Du kan lesa meir om endringane på husbanken.no. Der kan du òg sjekka inntektsgrensene, berekna bustøtta med bustøttekalkulatoren og søkja på bustøtte.

Viss du har problem med å søkja elektronisk, kan du henvenda deg til rådgjevar ved bustadkontoret, Anna Hamre. Ta kontakt på tlf. 988 21 355 eller på e-post til anna.helen.hamre@sogndal.kommune.no.