I samlinga fekk publikum innblikk i korleis samhandlinga mellom tenestene for barn og unge kan bli endå betre av Ole Gunnar Krakhellen. Guttorm Helgøy fortalde om kor viktig venskap er for barna, og stilte spørsmål ved korleis me definerer utsette barn. Mari Engesæter heldt eit engasjerande innlegg om at kvalitet i barnehagen er avhenging av god nok bemanning. Ho spelte også opp til å dra vekslar mellom høgskulen og praksisfeltet, kanskje ved å tilby delte stillingar? Jorun Felde uttrykte kor viktig overgangane frå ungdomsskule til vidaregåande og ut i lære eller arbeid er, og at at me må legge til rette for at tilflyttande ungdomar har ei god skule- og studietid i Sogndal.
Denne filmen om venskap vart vist under innlegget til Guttorm Helgøy:
I panelsamtalen tok fleire frå salen ordet. Leiaren i ungdomsrådet, Kornelius Haugen, sa ifrå om kor viktig det er at ungdom har møteplassar, og Steinar Øydvin frå utdanningsforbundet peika på at god språkopplæring er viktig for at minoritetsspråklege barn skal lukkast i skulen og vidare i livet.
I videoruta under kan du sjå opptak av møtet, filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn:
Programmet for temasamlinga
18:00 Velkomen til temasamling – Ole Gunnar Krakhellen og Sigrid Ølmheim
18:10 Koordinerte og tilgjengelege helse- og oppveksttenester for barn og unge - Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune
18:30 Best mogleg føresetnader for utsette barn og unge - Guttorm Helgøy, rektor ved Gangstø Ressurssenter, Øygarden kommune
18:50 Føregangskommune for barnehage- og skuleutvikling – Mari Engesæter, assisterande styrar i Fosshagen utdanningsbarnehage
19:10 Gode overgangar frå ungdom til arbeidsliv - Jorunn Felde, rektor ved Sogndal vidaregåande skule
19:30 Pause
19:40 Paneldebatt med spørsmål frå salen
20:50 Oppsummering og vegen vidare
21:00 Slutt
Sogndal kommune skal arrangera fleire temasamlingar. Oversyn over desse og påmeldingsinformasjon finn du her.