Ikkje ferdast på vegane i kveld og natt

Til liks med Statens Vegvesen og Politiet oppmodar Sogndal kommune alle om å ikkje ferdast på vegane i kveld. Situasjonen er uavklart i heile kommunen, og vegar kan verte stengde på kort varsel. Terrenget er vassmetta, det regnar framleis og flaumtoppen i vassdraga er ikkje nådd. Det er mykje overvatn på vegane. Det er fare for alle typar skred. Vi ber instendig alle om å vurdere om dei må ut på vegen i kveld og i natt.

Svært mykje overvatn – berg eigendelane dine

Det er svært mykje overvatn og fare for flaum mange stadar. Vi oppmodar alle som har ting i kjellar og førsteetasjar å berga eigendelar opp i høgda. Til dømes opp i hyller eller i høgare etasjar. Dersom det trenger inn vatn i mange kjellarar, må ein rekna med at det vil ta tid før ein får bistand på grunn av kapasiteten er sterkt pressa.

Meld frå!

Ordførar Stig Ove Ølmheim oppmodar alle om å visa varsemd og halde seg heime i kveld:

 – I kveld er det aller tryggast å unngå ferdsel på vegane så langt det let seg gjere. Det er oppretta legevakt på Leikanger. Ambulansebåt er på veg innover frå kysten. Eg vil også oppmoda alle om å melde frå til kommunen dersom ein observerer noko i nærmiljøet sitt. 

Du kan melde frå til kommunen via telefon eller via nett dersom du opplever problem eller situasjonar i samband med det kraftige regnveret. 

Telefon eller SMS: 95 75 18 76                                                        

Trykk her for å melde frå via nett.

Her finn du oversikt over andre viktige telefonnumer.