Av og til treng innbyggjarane våre hjelp til dette. Vi har òg flyktningar som vert busett i kommunen, og som endeleg skal få ein stad der dei kan vera trygge og integrere seg i samfunnet. Etter at dei har fått hjelp frå kommunen i tre år, er målet at dei sjølv skal skaffe seg stad å bu.   

Akkurat no har vi mangel på bustader, og vi treng hjelp frå deg som har ein ledig bustad i kommunen. Gjerne leilegheiter med to soverom, men vi er interessert i alle typar bustader.  

Fyll ut skjema: Utleige av bustad til Sogndal kommune (4640) (kf.no)

Vi vurderer om bustaden din er aktuell å leige, og tek i tilfelle kontakt med deg.  

Når kommunen er leigetakar 

I mange tilfelle inngår kommunen leigeavtale med deg direkte, og så leiger vi vidare (framleiger) til innbyggjar.  Det gir ekstra tryggleik til deg som leiger ut, sidan kommunen er ansvarleg for leigeavtalen, og vi følgjer opp innbyggjaren som vi framleiger til.