Har du lyst til å bli frivillig instruktør, eller kjenner du nokon som kanskje vil bidra?
- Det passar for deg som har moglegheit og lyst til å stille opp på dagtid. Du treng ikkje å ha erfaring som treningsinstruktør, men må du må vere komfortabel med å leie ei gruppe - at du er ein sosial person er ein fordel. Du vil få god opplæring gjennom kurs i forkant, og du vil få utdelt alt materiell og utstyr du har bruk for. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon, er oppmodinga frå fysioterapeutane Marit Hindrum Grønningsæter og Gjøri Skjerdal og idrettspedagog Synne Aafedt Liljedahl.
Det er Frisklivssentralen Sogn og fysioterapitenesta i Sogndal som startar opp Sterk og stødig.
Trening og ein kopp kaffi
Målgruppa er eldre som bur heime og klarer seg med lite hjelp, og som gjer det dei kan for å halde fram med det. Treninga er spesielt retta mot styrke for beina og øvingar for å betra balansen. Dette er dei viktigaste faktorane for å førebygge fall. I tillegg er det fokus på det sosiale ved at det vert sett av tid til ein kaffikopp og prat i etterkant av treninga.
- Me veit at me vil få fleire eldre i åra som kjem. Veldig mange er aktive og spreke, og klarer seg godt i eigen heim utan omsorgstenester. Dei er aktive i frivillige lag og er viktige ressursar for lokalsamfunnet. Det vil me dei skal halde fram med, difor seier me ja til sterke og stødige eldre, seier Gjøri Skjerdal.
Gratis å delta
Sterk og stødig er i dag etablert i mange norske kommunar, og Sogndal og Luster vil bli dei neste. Frivillige instruktørar leier gruppene. Viktige prinsipp er at gruppene skal føregå i nærmiljøet, og at det skal vere gratis å delta.
Sterk og stødig-modellen er utvikla av fysioterapeutar i samarbeid med forskarar frå NTNU. Sjølve innhaldet i treninga er basert på den nyaste forskinga på eldre og fysisk aktivitet. For eldre med nedsett balanse er anbefalinga frå helsemyndigheitene å trene balanse og beinstyrke tre eller fleire gonger i veka.
I Sogndal og Luster er det Frisklivssentralen som har hovudansvaret for å drifte tilbodet, med tett samarbeid med fysioterapeutane i dei to kommunane. Dei samarbeider også tett med andre faggrupper, frivilligsentralane og organisasjonar om marknadsføring, lokale, rekruttering av deltakarar og instruktørar.