Sogndal kommune kartlegg no persontransport i kommunen. Målet er å finne brukarretta løysingar som vil føre til lågare utslepp. Det er til stor hjelp om du bruker nokre minuttar til å svare på undersøkinga. Alle svar er anonyme.
Dei kommande vekene vil samfunnsutviklarar frå kommunen besøke tettstadane. Dei ønskjer å få innsikt i reisevanane til innbyggjarane. Ta godt i mot dei om dei vil slå av ein liten prat.