- I kommunen digitaliserer me stadig fleire prosessar og tenester. For å få til dette på ein god måte er det også behov for auka søkelys på opplæring, og meir systematisk arbeid med å heva kompetansen til dei tilsette. Difor er me no i gang med eit prosjekt der me tek i bruk e-læring som verktøy for intern opplæring og organisasjonsutvikling, seier Bente Mossige Ask, leiar for digitaliseringsteamet i kommunen.
Deler kunnskap
Alle dei tilsette har no tilgang til den digitale læringsportalen Motimate. Dette er ein app og nettportal for digitale minikurs. Gjennom enkelt oppsett og engasjerande element som kviss, video og bilete, kan dei tilsette på raskt tileigna seg ny kunnskap. Kursa vert laga ut frå behovet i kommunen, og ved hjelp av interne ressursar. Med ei rask innføring vil dei fleste kunne laga eit kurs om sitt fagområde, og for dei som treng hjelp, står trainee og prosjektleiar Elisabet Orrestad Nilsen klar til å bistå.
- I første fase av prosjektet har me hatt hovudfokus på å få på plass e-læringskurs som tryggar dei tilsette i bruk av ulike digitale verktøy og legga til rette for vidareutvikling av generelle digitale ferdigheiter. Me har til dømes allereie ferdige kurs i bruk av Teams, Outlook og sak- og arkivsystemet Elements i portalen. På denne måten kan me bidra til at alle får best mogleg effekt av dei digitale verktøya me har tilgang til, samt bidra til ein mest mogeleg effektiv arbeidskvardag for dei tilsette, fortel ho.
Ekstra tilbod til nytilsette
Tilbodet om e-læring er også eit viktig verktøy for å halde på og tiltrekka seg arbeidskraft i kommunen. Nyleg publiserte me ein eigen Motimate-portal for nytilsette, som kombinert med eit eige område på intranettet, skal bidra til at Sogndal kommune tek imot og lærer opp nytilsette på ein systematisk og engasjerande måte.
- Løysinga har blitt godt motteken, og nytilsette i organisasjonen gir tilbakemelding om at dette gjer det enklare å skaffa oversikt over alt det nye dei må setja seg inn i. No kan nytilsette enkelt ta korte nettkurs om kommunal organisering, bruk av ulike fagsystem og digitale løysingar – allereie før første arbeidsdag dersom dei ynskjer det.
Helle Selseng, leiar for personal og organisasjonsutvikling er glad for at kommunen har fått på plass ei etterspurd løysing.
- Målet er å ha ein e-læringsportal som kontinuerleg blir oppdatert med nye kurs som er relevante for dei tilsette, om det gjeld digitale verktøy, fagleg opplæring for kvar enkelt sektor, kulturbygging eller andre relevante tema. På denne måten kan me bidra til å gjera arbeidskvardagen enklare for dei tilsette og sørga for kompetanseheving internt i kommunen, slik at me saman kan yta best mogleg tenester til innbyggarane våre, seier Selseng.