Arkitektane på prosjektet er Holar arkitektur, Stiv kuling og Smedsvig landskapsarkitekter.

Tilbodet fekk ein samla score på 8,81/10 og ein kostnad på 527.628.928,- inkl. MVA.

Det blir ei orientering frå utbyggjar og arkitekt om Trudvang-prosjektet i kommunestyret 19. desember.

Beste løysingsforslag og gjennomføringsevne

"Høgt og lågt" utmerka seg med det beste løysingsforslaget og var også best på intervju for prosjektgruppa si gjennomføringsevne. Prisen er noko under det vedtekne investeringsbudsjettet for den nye 1-7 barneskulen, SFO og fleirbrukshallen i Sogndal sentrum.

Arbeidsfellesskap og konkurranse

Arbeidsfellesskapet fekk delta i konkurransen fordi Sogndal kommune reserverte ein plass til samarbeidande selskap. Dette for å opne konkurransen for tilbydarar med mindre erfaring med store prosjekt. Evalueringa av løysingsforslaga var lik for alle, og juryen hadde ikkje kjennskap til pris eller firma under evalueringa.

Prosjektets styrkar

"Høgt og lågt" utmerka seg med betre funksjonalitet og fleksibilitet, spesielt i fellesrom og garderobar. Prosjektet nyttar takflata aktivt for å binde saman landskap og bygg, og overbygde uterom gir klimaskjerming og fleksible bruksmoglegheiter. Høgt og lågt har ei sterk løysing med ei samla hjartesone som inkluderer fleirbrukshall, SFO og skulekjøken, noko som er gunstig for variert bruk etter skuletid.

Samskaping og vidare prosess

Elevane har vore involverte i samskapingsmøter, og fleire av deira innspel er inkluderte i løysinga. Samspelsfasen startar snart, med mål om å optimalisere det vinnande forslaget. Politisk handsaming av forprosjekt tentativt i tidsrommet mai/juni. Oppstart for fysisk arbeid er planlagt til sommaren 2025, med innflytting i 2027.

Berekraft

Prosjektet skal innfri krava til Futurebuilt Zero-B v. 3.0, med meir enn 50 % reduksjon av CO2-avtrykk samanlikna med bransjestandard.

Dette er eit spennande prosjekt som vil gi Sogndal ein moderne og berekraftig skule og fleirbrukshall. 

Folkemøte

16. desember inviterte Sogndal kommune til folkemøtet med informasjon om prosjektet. Sjå opptak av møtet i videoruta under: