Hovudplan for vassforsyning er ein kommunedelplan som viser status på forhold knytt til offentleg drikkevassforsyning i kommunen, og legg føringar for kva tiltak Sogndal kommune ser som naudsynte i planperioden 2024-2036.

Sogndal kommune har store etterslep innan fagfeltet, og planen skildrar kritiske og naudsynte tiltak i storleiksorden 330 millionar kroner i planperioden for å halde standarden på dagens nivå. Skal ein heve nivået er det skildra ytterlegare tiltak på til saman 170 millionar kroner, til ein totalkostnad på 500 millionar kroner i planerioden.

Du kan senda høyringsinnspel til postmottak@sogndal.kommune.no.

Merk e-posten med “Høyringsinnspel hovudplan vassforsyning"  og eventuelt overskrifta/vedlegget du gjev høyringsinnspel på. Frist: 17. juli.

Hovudplan vassforsyning Sogndal kommune 2024-2036

Vedlegg 1 Oversikt relevant lovverk

Vedlegg 2 Balestrand vassverk

Vedlegg 3 Hodlekve vassverk

Vedlegg 4 Leikanger vassverk

Vedlegg 5 Nornes vassverk

Vedlegg 6 Sogndal vassverk

Vedlegg 7 Private vassverk

Vedlegg 8 Tiltak

Vedlegg 9 Teneste-og kostnadsnivå

Vedlegg 10 Klima- og miljømål

Vedlegg 11 Nettmodell

Vedlegg 12 Aktuelle reserve- og krisevasskjelder