Statens vegvesen har invitert Sogndal kommune til å gje høyringssvar knytt til endring av fartsgrense på riksveg 5 på Kaupanger.
Fartsgrensa har vore midlertidig redusert sidan 2020/2021 som kompensasjon for manglande kryssingstilbod for gåande og syklande. I 2022/23 vart det bygd ein ny undergang for gåande og syklande. Statens vegvesen si vurdering er difor at grunnlaget for redusert fartsgrense ikkje lenger er til stades, og føreslår å auke fartsgrensa til 70 km/t.
I saksframlegget til formannskapet går det fram at redusert fartsgrense til 60 km/t etter kommunedirektøren si vurdering har fungert godt, og ført ei tydeleg betring av trafikktryggleiken på strekninga.
Formannskapet skal handsama uttale frå kommunen i møtet onsdag 6. november, som finn stad på tinghuset på Leikanger. Møtet kan følgjast på nett-TV på nettsida til kommunen.
Sakliste og saksdokument til møtet finn du i møtekalenderen
Sogndal kommune sender møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i videoruta under: