Information in English
Update Friday at 11:00 AM: The municipality has received the results from the water samples that were taken. The samples were without remarks, and the water is safe to use for drinking and cooking for those who were without water on Sunday due to the leak in the main water pipeline between Sogndal and Kaupanger.
The municipality has sent out SMS alerts to those affected.
Update monday 2:00 PM: The municipality recommends boiling drinking water as an extra precaution for those who were without water on Sunday. Sogndal municipality has sent out the following message on Monday to those affected: "Due to the leakage on Sunday, your area was without water, resulting in a loss of water pressure. As an extra precaution, we recommend boiling water intended for cooking and drinking until we have analyzed water samples, which will likely be available on Thursday. We apologize for any inconvenience this may cause."
Update sunday 6:00 PM: The repair is completed, and the water is being turned back on. The water will gradually return throughout Sunday evening. We hope everyone will have water again within three hours. The water is already back in Øvre Navarsete.
We still ask people in Sogndal to limit water usage. If the water from the tap is discolored, please do no let the water run for a long period to clear it up.
Update 3:15 PM: Water tanks have been placed at Kjørnes and Øvre Navarsete. People without water can get necessary drinking water (a couple of liters per person) here, but the municipality will not supervise the tanks once they are placed. See the map for information on the locations in the Norwegian version of the text.
Update 1:00 PM: The municipality has located the place of the leak, and we are now repairing the pipeline.
Some people are completely without water, and the municipality will be delivering water tanks with drinking water to Kjørnes and Øvre Navarsete. These tanks will be earliest available around 3:00 PM. Here you can collect necessary drinking water (a couple of liters per person), but the municipality will not supervise the tanks once they are placed. We will come with information on the locations of the tanks later.
We still encourage people in Sogndal to not use more water than necessary until the issue is resolved.
Published 09.20 AM: There is a break in the main water pipeline between Sogndal and Kaupanger. Sunday morning, the municipality has located where the break is and is working to determine what is needed to repair the water pipeline.
Sogndal kommune is sending out an SMS to everyone in Kjørnes and in downtown Sogndal to only use the water necessary on Sunday.
"We have water available, but it requires that everyone in this area does not use more water than necessary," says Major Stig Ove Ølmheim.
Some residents of Kjørnes and downtown Sogndal have been without water in the early hours of Sunday. They have received SMS alerts from the municipality.
We will update with new information on www.sogndal.kommune.no.
Oppdatering fredag klokka 11.00: Kommunen har fått resultata frå vassprøvane som vart tekne. Prøvane var utan merknadar, og vatnet er trygt å bruka som drikke og til matlaging for dei som var utan vatn søndag grunna lekkasjen på hovudvassleidninga mellom Sogndal og Kaupanger.
Kommunen har sendt ut SMS-varsling til dei det gjeld.
Oppdatering måndag klokka 14: Kommunen tilrår koking av drikkevatn som ekstra sikring for dei som var utan vatn søndag.
«I samband med lekkasjen søndag vart ditt område utan vatn, noko som førte til trykklaust nett. Som ei ekstra sikring tilrår me at de kokar vatn meint til matlaging og drikking fram til me får analysert prøvar av vatnet, resultatet føreligg truleg torsdag. Me beklagar ulempene det medfører.»
Oppdatering søndag klokka 18.00: Reperasjonen er fullført, og vatnet blir sett på att og vil koma tilbake litt etter litt utover kvelden søndag. Me håper alle har fått att vatnet i løpet av tre timar. Innbyggarane på Øvre Navarsete har alt fått att vatnet. Vatnet må sleppast på sakte, og me ber difor framleis innbyggarane i Sogndal om å avgrensa vassbruken. Skulle vatnet i springen vera misfarga, ber me om at de let vera å tappa lenge for å få det klart.
Oppdatering søndag kl. 15.15: Tankar med drikkevatn er plasserte ut på Kjørnes og Øvre Navarsete. Innbyggarar som er utan vatn, kan henta nødvendig drikkevatn (eit par liter per person) her, men kommunen vil ikkje ha tilsyn med tankane etter at dei er plasserte ut. Sjå kart for informasjon om plassering.
Vasstankar Kjørnes:
Vasstank Øvre Navarsete:
Oppdatering søndag 13.00: Kommunen har funne staden der det er lekkasje, og arbeidet med å reparera leidningen er i full gang.
Nokre innbyggarar er heilt utan vatn, og kommunen vil køyra ut vasstankar med drikkevatn til Kjørnes og Øvre Navarsete. Desse tankane vil tidlegast vera på plass kring klokka 15. Innbyggarane vil kunne henta nødvendig drikkevatn (eit par liter per person) her, men kommunen vil ikkje ha tilsyn med tankane etter at dei er plasserte ut. Me kjem attende med informasjon om kvar tankane blir plasserte.
Me oppmodar framleis innbyggarane i Sogndal om å spara på vatnet fram til feilen er retta.
Publisert søndag 09.20: Det er brot på hovudvassleidninga mellom Sogndal og Kaupanger. Situasjonen er uaklara. Kommunen har søndag morgon lokalisert kvar brotet er, og jobbar med å finna ut kva som skal til for å reparera vassleidninga.
Kommunen sender ut varsel til alle på Kjørnes og i Sogndal sentrum om å spara på vatnet søndag.
- Me har tilgjengeleg vatn, med det krev at alle i dette området ikkje brukar meir vatn enn det som er nødvendig, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Nokre innbyggarar på Kjørnes og i Sogndal sentrum har i morgontimane søndag vore utan vatn. Desse har fått SMS-varsling frå kommunen.
Me vil oppdatera med ny informasjon på nettsida til kommunen.