Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp.
Treng du å kontakta legekontora, ta kontakt på telefon:
Leikanger legekontor: 57 65 27 20
Sogndal legesenter: 57 62 97 00
Balestrand legekontor: 57 65 13 00
Om du ikkje kjem igjennom, ring legevaktsnummeret 116117.
Kritera for å bli testa for kronavirus og meir informasjon finn du her på nettsida til Sogndal legesenter.
Der finn du også informasjon om ulike ventesoner som er oppretta for pasientar som har time ved Sogndal legesenter.
Fastlegane vil no ikkje kunne prioritera helseplager utan klar mistanke om sjukdom, rutinekontrollar, samt skriving av erklæringar og attestar som ikkje er heilt nødvendige. Pasientar som har time for ting som ikkje hastar vert oppmoda til å avbestilla/utsetja. Legane vil også måtte utsetja timar på kort varsel.