Tenestmottakarar på Leikanger vil få to fakturaer med forfall i januar.
Dei vil få ein faktura frå Leikangar kommune med forfall 15.01.2020 som gjeld
- tenester utført i november
- faste tenester for november 2019
Den andre er frå Sogndal kommune og gjeld
- tenester utført i desember
- heimetenester og tryggleiksalarmar for 4. kvartal 2019
- faste tenester for januar
Tenestemottakarar i Balestrand vil får to fakturaer med forfall i januar og to i februar.
To av dei er frå Balestrand kommune:
Ein med forfall i 20.01.2020 som gjeld
- tenester utført i november
- faste tenester desember 2019
Ein med forfall 20.02.2020 som gjeld
- tenester utført i desember 2019
I tillegg får dei to fakturaer frå Sogndal kommune:
Ein med forfall 31.01.2020 som gjeld
- faste tenester januar
Ein med forfall 20.02.2020 som gjeld
- faste tenester februar
- tilfeldige tenester januar
Tenestemottakarar i Sogndal vert ikkje påverka.
Dersom det er behov for å dele opp fakturaen i fleire avdrag, ber me om at de tek kontakt med økonomikontoret i Sogndal kommune, på telefon 57 62 96 00.