I tillegg er det bekrefta smitta 1 i Vik og 5 i Luster med relasjon til same utbrotet. Alle kommunane har god kapasitet på testing og smittesporing og me har så langt god oversikt. Dersom det framleis finst folk som har vore på Meatpoint på laurdag 17. juli etter kl. 22 som ikkje har testa seg ber me dei gjere det så snart som mogleg. Generelt ber me folk no følgje mottoet "har du vore på fest, ta ein test".

Dei smitta har få eller ingen symptom.

3 av dei smitta i Sogndal jobbar i helse- og omsorgstenestene. 2 er påviste med PCR-test, 1 førebels berre med hurtigtest. Av dei 3 jobbar 1 på omsorgssenteret Prestahagen i Sogndal, 1 i heimesjukepleien på Leikanger og 1 i tiltak i bu- og miljøtenesta på Leikanger. Den eine av desse er fullvaksinert, dei 2 andre er delvaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan. Desse har brukt munnbind på jobb etter at det vart kjent at det var eit mogleg utbrot.
 
I utgangspunktet er fullvaksinerte og delvaksinerte unntekne krav til karantene. Sidan me no likevel har vaksinerte med positiv test har me har vore i kontakt med FHI som rår til at me legg oss på ei ekstra forsiktig linje og at me testar dei pasientane som dei smitta tilsette har vore i kontakt med, sjølv om pasientane er vaksinerte, på dag 1 og dag 3, dvs. i dag og mandag.

Kollegaer som har vore nærkontaktar til dei smitta slepp etter regelverket karantene viss dei er full- eller delvaksinerte men sidan me har utbrot og har smitta som er både full- og delvaksinerte krev me negativ test dag 3 frå siste moglege smitteeksponering før dei kan gå tilbake på jobb. Evt. uvaksinerte nærkontaktar får ordinær karantene.

Tal pasientar som blir testa i dag er 10 i heimesjukepleien på Leikanger og 8 ved omsorgssenteret i Sogndal. I tillegg er det 3 tilsette ved omsorgssenteret som skal testast.

Me har teke alt helsepersonell som har vore på Meat Point ut av teneste. Desse får gå tilbake på jobb viss dei avlegg negativ test dag 3 etter siste moglege smitteeksponering.

Me har vore i kontakt med FHI og Statsforvaltaren om eventuelle lokale tiltak utover testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) og fått råd om at situasjonen er såpass oversiktleg at det ikkje blir rådd til spesielle lokale tiltak no.

Når det gjeld skjenkestadene i kommunen vil følgje desse tett og det vil bli kontrollar.

Til slutt oppmodar me alle som ikkje alt har teke i bruk smittestoppappen om å gjere dette no.