Informasjon om smittesituasjonen i kommunen finn du under «Informasjon om koronaviruset» øvst på nettsida til kommunen.

All informasjon som me vurderer som viktig å nå ut med til innbyggarane, vil bli lagt ut på nettsida til kommunen og delt med lokalmedia. Kommunen svarer også på spørsmål frå media når dei tek kontakt.

Dei gjeldande råda frå kommunen for å hindra spreiing av smitte er dei som dei som var gitt 24. november og desse gjeld i første omgang fram til torsdag 2. desember:

  • Bruk munnbind der det er utfordrande å halda avstand.
  • Reduser talet på nærkontaktar.
  • Hald avstand der det er mogleg.
  • Unngå arrangement der det ikkje er mogleg å halda avstand. Aktivitetar for barn og unge kan halda fram når det er gjort nødvendige tiltak som reduserer smittefaren.

Det er viktig å følgja dei generelle smittvernråda om å vaska hender, halda deg heime om du er sjuk og testa deg.

Alle som er tilrådde å ta koronavaksinen, bør ta han. Vaksinen er gratis. Ta kontakt med legekontoret ditt for å få vaksine. Meir informasjon om koronavaksine finn du her Koronavaksine - helsenorge.no.