Kva er situasjonen?

I haust vart det påvist mellom anna koliforme bakteriar, intestinale enterokokkar og aeromonas i drikkevatnet i Hodlekve. Desse bakteriane er no borte, men høge kimtal (teikn på vekst av mikroorganismar) vert framleis registrert ute på leidningsnettet. Dette gjer at kokevarselet framleis er nødvendig som eit førebyggande tiltak.

Råvatnet til vassverket kjem frå ein brønn plassert i eit myrområde, noko som bidreg til at vatnet har eit høgt innhald av næringsstoff, partiklar og organisk materiale. I reinseanlegget vert vatnet behandla med trykkfilter, avherding, UV-lys og svakkloring. Likevel blir truleg ikkje desse stoffa tilstrekkeleg fjerna, og dette gir gode vekstvilkår for mikroorganismar i leidningsnettet. Ujamt/lågt forbruk i hyttefeltet fører til lang opphaldstid og lite utskifting av vatn i leidningsnettet og høgdebassenga, noko som forsterkar utfordringa.

For meir informasjon om kva bakteriar og kimtal betyr for vasskvaliteten, sjå Folkehelseinstituttet: Indikatorar på mikrobiologisk forureining.

Tiltak me har gjort

Kommunen har sidan i haust gjennomført fleire tiltak for å forsøka å betra situasjonen:

  • Spyling og kloring av leidningsnettet i haust for å fjerna «groing», redusere bakterievekst og skifte ut vatn i leidningane. 
  • Vask og desinfisering av høgdebasseng i fleire omgangar.
  • Kamerainspeksjon av brønnen no i januar, som avdekte mykje «grums» og utfellingar i brønnen.

Tiltak me vil gjennomføra dei komande vekene

For å betra situasjonen, har me planlagt følgjande tiltak dei komande vekene:

  • Spyling og reingjering av brønnen for å redusera mengda partiklar, bakteriar og organisk stoff i vatnet.
  • Gjennomgang av funksjonen til reinseanlegget saman med leverandør for å sikre at prosessane fungerer som dei skal.
  • Utspyling av vassnettet dersom vêrtilhøva tillet det: utfordrande vinterstid grunna risiko for is og glatte vegar.
  • Vassprøvetaking  for å vurdera effekten av tiltaka, og om vasskvaliteten er tilstrekkeleg god oppheva kokevarselet.

Langsiktige løysingar

Kokevarselet er ei mellombels løysing, og me jobbar for å finne langsiktige tiltak. Dette omfattar både ei vurdering av vidare reinseprosessar for å fjerne meir organisk materiale, partiklar og næringsstoff i vatnet, og ei utgreiing av nye brønnar i Hodlekve. Arbeidet med sistnemnde startar til våren når snøen har gått.

Me takkar abonnentane for tolmodet medan me jobbar for å sikra ei trygg og stabil vassforsyning i Hodlekve.