Norconsult har fått i oppdrag å sjå på det framtidige barnehagetilbodet i Sogndal kommune. Ein viktig del av dette arbeidet er å utarbeida prognosar, og sjå på kapasitet i dei ulike områda.
I samband med dette inviterer vi til eit digitalt innspelsmøte, der det vil vera høve til å komma med innspel og idear til utvikling av barnehagetilbodet i Kaupanger krins. Vi ynskjer å ha ei open tilnærming til tema, slik at lokale lag, foreldre, fagressursar og politikarar kan bidra med lokalkunnskapen og ideane sine. Vi vil òg legga ut eit digitalt innspelsskjema i Microsoft forms med svarfrist i perioden 20.05-30.05.
Digitalt innspelsmøte er onsdag 26 mai. kl. 18.30-20.00, og du kan delta med denne lenka: Innspelsmøte barnehagekapasitet i Kaupanger
Innspel i Microsoft Forms er mogleg i periode: 20.05-30.05, i denne lenka: innspel barnehagekapasitet i Kaupanger
Agenda for møtet:
1 Informasjon prosess og prognosar
2 Innspelsworkshop - grupper i digitale møterom
3 Oppsummering i plenum
Prosessleiarar er Sigrid Hestnes og Linda Rostrup - avdeling for skule- og barnehageplanlegging Norconsult.
For spørsmål om deltaking og prosess: sigrid.hestnes@norconsult.com.