Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling skal setja retning for Sogndal kommune sitt utviklingsarbeid i åra som kjem. Planen forpliktar kommunen, og legg føringar for korleis me skal samskapa med privat og frivillig sektor.

No er eit utkast til plan klart, og me ynskjer innspel frå innbyggjarane og næringslivet på dei føreslegne strategiske vala. Difor vert det invitert til møte i dei gamle kommunesentera, fordelt tematisk mellom nærings- og samfunnsutvikling.

Innspelsmøte samfunnsutvikling:

  • Tysdag 11. februar klokka 19.00-21.00, Midtnes hotel, Balestrand
  • Onsdag 12. februar klokka 19.00-21.00, Leikanger: Sognefjord Hotel
  • Måndag 24.  februar klokka 19.00-21.00, Quality Hotel Sogndal

Innspelsmøte næringsutvikling:

  • Tysdag 25. februar klokka 19.00-21.00, Leikanger: Sognefjord Hotel
  • Onsdag 26. februar  klokka 19.00-21.00, Midtnes hotel, Balestrand
  • Torsdag 27. februar  klokka 19.00-21.00, Quality Hotel Sogndal

Utkast til Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling finn du her Utkastet vil òg liggja på dei tre kommunehusa.

Velkommen!

Komité for samfunnsutvikling