- Dette er ein historisk dag, sa varaordførar Vibeke Johnsen då ho ønskte velkomen til det første innvandrarrådet i Sogndal.
- Intensjonen til oss i kommunestyret er å engasjera fleire innbyggjarar i samfunnsutviklinga, og sikra at me som skal ta avgjerder, får innspel, idear og framlegg frå ein breiast mogleg del av innbyggjarane i Sogndal.
Johnsen la til at ho ser fram til samarbeidet med innvandrarrådet og til å følgja arbeidet deira.
- Eg ønskjer dykk til lukke med vervet og lukke til med arbeidet.
Leiar og nestleiar
Tuba Ardic (biletet) frå Balestrand vart vald til leiar for rådet.
- Dette er eit rådgivande organ for kommunen, og eg skal arbeida for at interessene til innvandrarar blir ivareteke i Sogndal kommune, seier ho.
Nestleiar vart Yvonne Nshimirimana frå Kaupanger.
- Eg er takksam for at Sogndal kommune tenkjer på oss som ein viktig del av lokalsamfunnet. Det vert spanande å byggja bruer mellom innvandrarane og resten av innbyggjarane i kommunen. Eg gler meg veldig til dette arbeidet, seier ho.
- Ei viktig stemme
Sogndal kommune har seks ulike råd. Fire av dei har sitt første møte denne veka, og først ut av desse var innvandrarrådet.
Kristin Rundsveen Bøtun, leiar for komite for samfunnsutvikling, trekkjer fram at det å auka samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og skapa møteplassar, er viktigare enn nokon gong.
- Dei har ei viktig stemme, og det er viktig at me lyttar. Å delta i organisasjonsarbeid er ein grunnleggjande del av det norske demokratiet, og det har mykje å seia at me legg til rette for at alle innbyggjarane våre kan delta, seier ho.
Møteplassar
Innvandrarrådet har desse faste medlemmene: Tuba Ardic, Yvonne Nshimirimana, Berhanu Erana, Ryan McEvoy, Saleh Ali-Saleh, Simone Stibbe og Yonas Ghilamicael Ghebre. I det første møtet var Tewelde Tesfay kalla inn som vara.
Dei som sit i rådet, skal ikkje representera landet dei opphaveleg kjem frå, men vera ein brubyggjar mellom innvandrarmiljøet og Sogndal kommune.
- Ei av oppgåvene til innvandrarrådet blir å sjå på korleis me kan laga møteplassar slik at me sikrar innspel frå heile innvandrarmiljøet i kommunen, seier varaordførar Vibeke Johnsen.
NAV og flyktningtenesta
I det første møtet diskuterte rådet plassering av NAV. Rådmannen har tilrådd at NAV-kontoret vert lagt til Leikanger.
- Me hadde ein god diskusjon, og det var kjekt å høyra andre innvandrarar sine perspektiv på denne saka, seier leiar Tuba Ardic.
Sogndal innvandrarråd gir følgjande fråsegn:
1. Rådet ynskjer at flyktningtenesta og NAV vert lokalisert i Sogndal sentrum. Det må leggast til rette for å avtale møtestad der det passar best for brukarane (2 røyser).
2. Rådet ynskjer at flyktningtenesta vert lokalisert i Sogndal sentrum. Det må leggast til rette for å avtale møtestad der det passar best for brukarane (5 røyster).
3. Dersom flyktningtenesta vert flytta til Leikanger, må det det leggast til rette for å avtale møtestad der det passar best for brukarane (6 røyster).