Sogndal kommune i samarbeid med lokallag av Sau og Geit har fått prosjektmidlar til eit arbeid for å få tatt i bruk beiteareal som er gått ut av bruk. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med NLR Vest. Prosjektet har søkjelys på småfe, men er open for alle produsentar eller andre som kan ha ein nytte og eller interesse for i kva høve ein kan redusera tap av landbruksareal.

Målet med prosjektet

• Stoppa nedgangen i landbruksareal i drift
• Oppretthalda talet på beitedyr i kommunen
• Auka lønnsemda for småfebønder gjennom betra driftsplanlegging og auka beitebruk.

Prosjektet skal gå i perioden september 2022 til september 2023. Vi legg opp til fleire samlingar både ute og inne på ulike stader i kommunen. I haust vert det markdagar, og planen vidare er å arrangere fagmøte før lamming og eit avsluttande møte hausten 2023. Gjennom heile prosjektperioden vil vi tilby hjelp med oppfølging av planar.

Tidspunkt og stad for markdagar i haust

  • Laurdag 8. oktober kl 10.00 hjå Espen A. Iversen, Kvam, beite under England
  • Laurdag 8 .oktober kl 14.00 hjå Johannes Gunvordal, beite Gunvordalsstølen
  • Laurdag 15. oktober kl 10.00 hjå Ole Tjugum og Anders Tjugum på Dragsvik. Parkering ved Tjugum kyrkje.
  • Laurdag 15. oktober kl 14.00 i utmarka til Aud Halland Molvik på Kleppa på Leikanger. NB! Ny stad

Program

  • Rydding av skog og kratt
  • Oversikt over tilskotsordningar v/ landbrukskontoret i Sogndal
  • Gjerdehald: Fysiske og elektroniske gjerde - Erfaringsutveksling
  • Stell av innmarksbeite, ulike tiltak v/Norsk landbruksrådgiving Vest
  • Kva skal til for å få arealet godkjent? v/landbrukskontoret 

Det blir enkel servering.

Påmelding

Påmelding på SMS innan kl. 12 dagen før markdagen til Guro Bakkerud, Sogndal kommune, mob. 46816163.