Det å møtast ute, med gode rutinar som tek omsyn til dei retningslinjene som gjeld, er viktig for å halde i gang sosiale tilbod. Særleg for dei mest utsette gruppene.

Sogndal kommune inviterer difor lag og organisasjonar til å dele gode idear og tankar om korleis frivilligheita og kommunen kan legge til rette for aktivitet innanfor det handlingsrommet som finst.

Torsdag 16. desember klokka 19.30 vert det eit digitalt møte der frivilligheita og kommunen kan tenke saman og dele forslag rundt korleis me kan legge til rette for at folk kan møtast.

Klikk her for å delta i møtet

- Korona-situasjonen har tydeleggjort kor viktig frivilligheita er for trivselen til folk. Me håpar difor frivilligheita vil delta på kort varsel i eit digital møte for å dele gode tankar og idear med kvarandre. Kommunen er svært takksam for at innbyggjarar ser og tek vare på kvarandre i utfordrande tider, fortel varaordførar Vibeke Johnsen.   

Møtetidspunkt: Torsdag 16. desember klokka 19.30-21.00

Agenda:

  • Intro frå Vibeke Johnsen – kva er utfordringa, kven er sårbare grupper, og kva reglar må me følgje?
  • Erfaringar/ideer frå eldsjeler (5 min kvar):
    • Bjørg Eikum Tang – Røde Kors og gålaget
    • Anne Marte Kvale - SAMAN
    • Anny Urtegård – Pensjonistlag
    • Representant for Opplev Leikanger
  • Idemyldring:
    • Korleis rekrutterer fleire frivillige til sosiale aktivitetar, i grupper eller ein-til-ein?
    • Korleis nå ut til dei som treng det mest?
    • Kva lågterskel, sosiale aktivitetar kan me gjennomføre i tråd med nasjonale råd? 
  • Oppsummering ved Vibeke Johnsen

Klikk her for å delta i møtet