Frå 16. mars har støttekontaktane i Sogndal kommune ikkje kunna besøka brukarane sine.
Me er no inne i ein anna fase av koronautbrotet, og i samband med det vil det frå fredag 24. april vera opning for at støttekontaktar kan møta sine brukarar, for å gå ein tur i lag.
Me ynskjer ikkje at støttekontaktar går inn i bustaden, men at dei kan treffast ute.
Dei nasjonale føringane kring avstand og smitte vil framleis gjelda.
Denne endringa gjeld støttekontaktar for brukarar som bur i sin private bustad.
For brukarar som bur i institusjonar med heildøgn omsorg er det inga endring.