Laurdag 31. august er det SognaPride i Sogndal. Det blir parade og kulturprogram for å markera mangfald, fri kjærleik og toleranse for at alle har rett til å vera den ein er. Lag og verksemder har vore inviterte til å melda seg på paraden, og mellom dei påmelde er Kvåle skule.
På nettsida til skulen vert det understreka at dei har eit stor ynskje om at Kvåle skule skal visa att i SognaPride:
«Alle som ynskjer det, elevar på Kvåle skule, elevar på andre skular, tilsette på vår skule, andre tilsette i Sogndalsskulen og oppvekstsektoren, samt alle føresette og alle andre er hjarteleg velkomen til å gå bak parolen til Kvåle skule.»
Det er oppmøte frå klokka 11.30, og paraden går klokka 12.00. Oppstilling er på Campus ved Guridalsbygget («gamle lærarskulen»), Trolladalen 26.
Det er ikkje påmelding til paraden for enkeltpersonar, så det er berre å møta opp og gå med eit lag/verksemd eller under «alle som vil» sist i toget.
Etter parade vert det program ved kommunehuset.
Rekkjefølgja i paraden
1 Ordførar og appellantar
2 SofjoPride
3 Vestland Bondelag
4 Sogndal vidaregåande skule
5 Naturvernforbundet Indre Sogn
6 Den norske kyrkja i Sogndal
7 Kvåle skule
8 Vestlandsforsking
9 Høgskulen på Vestlandet
10 Studentsamfunnet i Sogndal
11Trivselssentralen
12 LO i Sogn
13 Sogndal Arbeidarparti
14 Sogndal Høgre
15 Sogndal mdg
16 Sogndal Folkehøgskule
17 Helse Førde
18 Sognekraftkonsernet
19 Sogndal SV
20 Sogndal Venstre
21 Sogndal musikklag
22 Sogndal sportsdrill
23 Alle som vil!