Klima- og miljøprisen for landbruket skal delast ut for andre gong i 2024. Du kan nominera kandidatar fram til 11. mars.
Prisen er på 30 000 kroner, og skal heidra nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidla eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremja naturmangfald.