Måndag 19. august startar eit nytt skuleår, og mange små skal gå og sykla til og frå skulen. Greiner som heng ut i vegen eller gangvegen kan hindra sikt.

Ta ein sjekk før skulestart

Vegetasjon frå privat eigedom som heng ut i offentleg veg, eller som hindrar sikt, er du som grunneigar sjølv ansvarleg for.

Me håpar alle i Sogndal kommune vert med på dugnaden, finn fram hekksaksa si, og bidreg til eit sikrare trafikkbilete for mjuke trafikkantar. Sjekk også om du har greiner som hindrar sikt til skilt eller lyktestolpar.

Gjev pålegg om fjerning

Sogndal kommune vil betra trafikktryggleiken, og sender no ut brev til dei som har svært store busker, hekkar eller anna som går ut i vegbana eller kryss. Desse får pålegg om fjerning med heimel i Veglova §31.

- I Sogndal kommune har mange grunneigarar planta for å få det fint. Det synest me er veldig kjekt. Fine stelte grøntområde er godt for sjela. Problemet er at at nokre av buskene og hekkane har vakse seg så store at dei har kome ut i vegbana. Dette kan gå utover trafikktryggleiken for mjuka trafikantar, og det går utover køyrande då vegen har vorte smalare og meir uoversiktleg, seier Torgeir Bang, tenesteleiar for veg og parkering i Sogndal kommune.

Han understrekar at tvang ikkje er eit ønska middel, men at det nokre gonger må nyttast. Bang håper at hageeigarar som i denne omgangen ikkje får brev frå kommunen, også tek ein runde på eigedomen og gjer tiltak dersom det er naudsynt.

- Kommunen har ikkje kapasitet til å klippa for private. Me gjer så godt me kan langs kommunale vegar med kantklipping og ved kommunal eigedom der våre hekka har vakse seg for store. Me har framleis litt å gå på her òg.

Meir informasjon

Informasjon om krava til høgde og sikt finn du på nettsida til Statens vegvesen: Klipp hekker og busker | Statens vegvesen