Kommunen oppdaga natt til søndag at det gjekk mykje vatn ut frå vassverket på Nornes.
Det vart sendt ut preventivt kokevarsel, og kommune har jobba med å finna feilen. Måndag vart lekkasjen funnen og er no reparert.
Me har rutinemessig teke vassprøvar for å kontrollera drikkevatnet for forureining i samband med lekkasjen. Kokevarselet varer fram til me har fått to prøveseriar med gode analyseresultat, det vil seia at kokevarselet tidlegast kan bli oppheva fredag 15. desember.