Koronaviruset har brått gjeve nye spelereglar i samfunnet. Det gjeld også for tilsette i kommunen. Krav for å hindre smittespreiing gjer at vi på mange område ikkje kan jobbe på same måte som tidlegare. På forbausande kort tid har dei tilsette omstilt og tilpassa seg denne nye situasjonen.
For dei som må vere fysisk på jobb, er det teke grep med at vi i mindre grad er samla, held avstand og har fokus på reinhald og auka hygiene. For andre er heimekontor etablert og digitale løysingar er tekne i bruk.
For kommunen har handtering av helsetenestene sjølvsagt topp prioritet, men vi har samstundes fokus på at også andre tenester i kommunen skal fungere best mogeleg. Eit døme er handsaming av plan og byggesak, som er viktig for både private og store delar av næringslivet. Her er etablert digitale løysingar som gjer at tenestene vert utført tilnærma som normalt. Tilsette har tilgang til fagsystem frå heimekontor og møteverksemd kan i stor grad skje på digitale plattformar.
Ein fellesnemnar for å få til dette til på mange område er digitale løysingar. Vi ser det også i skulen kor alle elevane no får undervising via nett og digitale plattformar – og med rettleiing av ein lærar. Dette er nok arbeidsmåtar vi openbert vil ta med oss vidare på mange felt også etter koronatida.
Fram til då vil vi forsøke å halde hjula i gang på beste vis. Måten dei tilsette no har snudd seg rundt og strekt seg - ber i seg ei god von om at dette vil vi få til i fellesskap på ein bra måte!