Kven kan få hjelp av kommunepsykolog?
Ved tidleg innsats kan ein førebyggje at psykiske plagar veks seg store. Kommunepsykologen tilbyr ei gratis lågterskelteneste for barn og ungdom i alderen 0-18 år i Sogndal kommune. Dersom du som forelder er bekymra for ditt barn si psykiske helse, utvikling, trivsel og åtferd, eller du som ungdom opplever eit psykisk strev eller treng nokon å snakke med, kan kommunepsykologen bidra med hjelp og oppfølging.
Korleis komme i kontakt med kommunepsykolog?
Kommunepsykolog oppvekst er tilknytt helsestasjonen og har tett samarbeid og dialog med helsesjukepleiarar. Foreldre, barn og ungdom kan ta kontakt med helsestasjonen eller helsesjukepleiar på skulen for å komme i kontakt med kommunepsykolog.