Ungdomsrådet representerer ungdom i heile Sogndal kommune, og kommunestyret vel 13 medlemmar.
Det skal veljast 3 medlemmar frå Balestrand, 4 medlemmar frå Leikanger og 5 medlemmar frå Sogndal, etter innstilling frå utval for levekår. Ein representant frå utval for levekår er medlem i rådet, og følgjer valperioden. Valperioden for ungdommane i rådet er to år.