Korleis kan lokalsamfunnet ditt bli ein betre plass å bu for alle, og kva skal til for å få til vekst og utvikling? På kva område kan me redusera ressursbruk og klimagassutslepp? Korleis kan tenestetilbodet til kommunen bli betre, og korleis bør kommunen utvikla seg?
Ingen innspel er for store eller for små. Skriv det første du tenker på!
Innspela som kjem inn, blir førte på postlista til kommunen og tekne med i arbeidet med samfunnsplanen. Innspel som ikkje høyrer heime i samfunnsplanen, vert tekne med i andre planarbeid og i den daglege drifta til kommunen, eller vert spelte tilbake til lokalsamfunna.
Innspelsrunden er no avslutta.
Kva skal samfunnsplanen vera?
Samfunnsplanen vert eit av kommunen sine øvste styringsdokument, og skal seia noko om:
- langsiktige mål og strategiar for kommunen som organisasjon og som lokalsamfunn
- korleis me ønsker og trur at lokalsamfunnet vårt skal utvikla seg i tida framover
- kva me trur vil vera utfordringar dei neste åra
- gje føringar til kommunen sin overordna arealplan og til drifta av kommunen
Slik blir planprosessen for samfunnsplanen framover
- Oktober: Medverknadsmånad. Her finn du oversyn over når og kvar innspelsmøta finn stad.
- November/desember: Utarbeiding av planen
- Januar/februar: Politisk handsaming
- Februar/mars: Offentleg ettersyn med ny innspelsrunde
- Juni: Endeleg vedtak av planen
- Vinteren 2020/2021 skal kommunen starta opp arbeidet med ny arealplan for Sogndal kommune. Det vil bli eigne innspelsrundar i denne prosessen.