Sogndal kommune skal fornya delar av Holmatunet og etablera frivilligsentral, bibliotek, ungdomshus og innbyggjarteneste. I tillegg ser kommunen på korleis ein kan skape nye moglegheiter ved å gjere Holmatunet til ein møteplass for lag og foreiningar.
Korleis kan framtidas møteplassar sjå ut? Kva for verdiar finnes i dag som me kan spela vidare på i arbeidet med møteplassar? Kva utfordringar kan me løysa gjennom dei lokale møteplassane våre?
I dette arbeidet treng me hjelp av balestrendingane sjølve. Dei er ekspertane på sin kvardag og sitt lokalsamfunn, og me ynskjer å høyre deira tankar og meiningar.
Bur du i Balestrand, eller er du oppteken av sosiale møteplassar? Bli med oss på innbyggarverkstad!
Korleis fungerer dette?
- Du møter opp når det sjølv passar deg.
- Me tek deg gjennom ein enkel løype med spørsmål der du får dela dine tankar med oss om kva som er bra i dag, kva for utfordringar som finst i lokalmiljøet og korleis me kan jobba vidare med dette.
- Du treng ingen spesielle forkunnskapar for å delta.
- Me veit at alle har noko å bidra med. Her er det ope for alle!
Når skjer det?
Måndag 14. november står me utanfor Holmatunet frå klokka 15-16, og resten av kvelden er me på biblioteket frå klokka 16-19.
Kom innom når det passar deg!