Målet med prosjektet var å gje ei kortfatta framstilling av historia til Sogndal kulturhus, gje ein statusrapport om drifta av kulturhuset, og få fram synspunkt på kulturhuset og kulturhusdrifta både frå lokale lag og organisasjonar, andre leigetakarar og publikum.
Styringsgruppa har også sett på korleis samarbeidet mellom bibliotek, kulturhus og kulturskule kan utviklast, og forsøkt å formulera målsettingar om kva dei ynskjer kulturhuset skal vera i framtida, både på kort og lang sikt. Sogndal kulturhus er også samanlikna med andre tilsvarande kulturhus, og det er vurdert ulike modellar for korleis drifta av kulturhuset kan organiserast.
Prosjektet er i hovudsak finansiert av gamle Sogndal kommune, gjennom ei løyving på 500.000 kroner våren 2019. Bakgrunnen var ein søknad frå styret i Sogndal kulturhus AS, der ein peikte på utfordrande sider ved dagens kulturhusdrift opp mot dei målsettingane kommunen har hatt for kulturhuset.
"Sogndal kommune eig både bygningen Sogndal kulturhus og driftsselskapet Sogndal kulturhus AS. Prosjektet er såleis tenkt å vera til hjelp både for styret i Sogndal kulturhus AS og for politikarar og administrasjon i kommunen i deira arbeid for å skapa eit best muleg kulturhus og ein best muleg kulturpolitikk i Sogndal kommune", skriv styringsgruppe for prosjektet i innleiinga til rapporten.
Rapporten "Sogndal kulturhus - Korleis møte framtida?" kan du lesa i pdf-versjon her.
Rapporten skal handsamast politisk. Sak til komite for samfunnsutvikling 19. mai er fyrste steget.