Målet er i størst mogeleg grad å redusera konsekvensane av slike uynskte hendingar.
Beredskapsplan for kriseleiing omhandlar kommunen si handtering av ein krisesituasjon. I den er nokre tenester særleg omtalt:
- Helse- og sosialtenesta
- Vassforsyninga
- Brannvern og redning
- Hendingar som direkte eller indirekte råkar born i skule og barnehage
Kommunen sin beredskapsplan vert og samordna med andre relevante beredskaps- og kriseplanar.
Kven utgjer kriseleiinga?
Faste medlemmar | Medlemmar - avhengig av situasjon |
---|---|
Kommunedirektør | Avdelingsleiar IKT |
Ordførar | Tenesteleiar teknisk drift |
Kommunikasjonsrådgjevar | Avdelingsleiar innbyggartorg |
Kommunalsjef, stab og støtte | Sogn Brann og Redning |
Kommunalsjef, plan og samfunn | Politi - Sogndal |
Kommunalsjef, helse og omsorg | Røde Kors - Sogndal, Ev. anna avdeling avhengig av situasjon/lokalisering |
Kommunalsjef, oppvekst | Sivilforsvar Sogndal |
Kommuneoverlege | |
Beredskapskoordinator/CIM-ansvarleg |
Alle har ein eller fleire vararepresentantar som kan ta over dersom det skulle vera naudsynt
Andre deltakarar
Medlemmar som ikkje er faste, vert kalla inn etter behov. Leiar kan supplera og forsterka kriseleiinga med personar med naudsynt fagkompetanse. Medlemmar kan bli nytta til andre oppgåver om deira fagrolle vert avgrensa i ei konkret hending.
Oppgåver
Kriseleiinga si oppgåve er mellom anna å skaffa oversyn, ta avgjerder om tiltak og planar, prioritera bruk av tilgjengelege ressursar, syta for informasjon til innbyggjarar og media og rapportera til statsforvaltaren.
Kommunedirektøren skal syta for at dei som har ei rolle i kommunen si kriseleiing, samt andre tilsette med beredskapsoppgåver, er kjende med oppgåvene og har fått naudsynt innføring og opplæring. For å bu seg på dette, er det øving på Beredskapsplan for kriseleiing kvart år. Statsforvaltaren gjennomfører og øvingar.
Roller
Det er kommunedirektøren, eller den kommunedirektøren peikar ut, som er leiar av kriseleiinga, og som har det overordna informasjonsansvaret. Det er ordførar, eller den han peikar ut, som skal handtera informasjon til media. Til å førestå sjølve informasjonsarbeidet kan kriseleiinga nytta seg av ein informasjonsansvarleg.
Ved større hendingar vert det etablert eit eige informasjonskontor/informasjonsstab. Kriseleiinga gjennomfører hyppige stabsmøte.