Sogndal kommune sin kulturpris vert delt ut til personar, lag, organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulere til vidare aktivitet, og skal vise fram og applaudere innsats som kjem både kulturlivet og heile samfunnet i Sogndal kommune til gode.  

I desember skal kulturprisen for 2024 delast ut, og no har du moglegheita til å foreslå kven du meiner bør bli årets vinnar! Det einaste du treng å gjere er å sende inn ditt forslag i lag med ei kort grunngjeving til postmottak@sogndal.kommune.no innan 12. november 2024.  

Vinnaren mottek eit kunstverk og 20.000 kroner. I fjor stakk eldsjel, mannskor- og revygeneral Roar Werner Vangsnes med prisen. Han mottok prisen for sitt livslange engasjement og mangfaldige innsats for kulturlivet og samfunnsutviklinga i Sogndal kommune.  

Tidlegare vinnarar er Terje Vatlestad (2022) Vreid (2021) og Geir Hjetland (2020).  

Vinnaren av prisen vert valt ut av utval for levekår, og delt ut av kommunestyret.