- Det som har skjedd i kulturlivet vårt på alle felt, det er berre heilt imponerande. Det er ikkje mi forsteneste, men eg har vore ein del av det og fått følgt det i mange år. Og det gledar meg veldig, sa Marianne Hoff då ho takka for kulturprisen i kommunestyremøtet 19. desember.
Ho får prisen for sitt store engasjement i det friviljuge kulturfeltet i kommunen. Ho har gjort ein omfattande innsats heilt frå 80-talet og fram til i dag, og ho er framleis aktiv og svært engasjert på fleire felt.
Kulturprisvinnar Marianne Hoff og ordførar Stig Ove Ølmheim. (Foto: Mariann Skau) |
Kino og kunst
I grunngjevinga vart det trekt fram at ho gjennom arbeid i kunstlag og galleri har opna dører for nye kunstuttrykk og skapt møteplassar mellom kunst og publikum. Særleg blir engasjementet for å få ungdom til å utforske og skape kunst peika på.
Hoff har, med solid fotfeste i lokalmiljøet, bygd bruer til den store verda gjennom internasjonalt kunst- og kultursamarbeid.
Ho er kinosjef ved Friberg kino i Balestrand, der ho sidan 80-talet har sytt for at kvalitetsfilm har nådd ut til folk i alle aldrar. Ho har også hatt styreverv i Norsk Kinoforbund og Film & Kino. Dette engasjementet har resultert i fleire prisar, og i 2015 fekk Marianne Hoff heidersprisen Sølvspolen frå Norske Kinosjefers Forbund.
Applaus i kommunestyret for kulturprisvinnaren. (Foto: Mariann Skau) |
«Kultur i si puraste form»
- Kulturprisen for 2024 går til ein person som har vigd store delar av livet sitt til å gjere kulturtilbodet i kommunen vår rikare, og som framleis er aktiv på fleire felt. Gjennom sitt engasjement syner ho at kultur verkeleg kan vere ei kraft som byggjer samfunn og bidreg til at innbyggjarane lever rike og meiningsfulle liv i kommunen vår. Det er blitt sagt i eit lokalt utvalsmøte nyleg at årets vinnar er «kultur i si puraste form», sa ordføraren då han presenterte årets kulturprisvinnar.
Sogndal kommune deler kvart år ut kulturpris for Sogndal kommune. Kulturprisen skal vera ein honnør og påskjønna arbeid for verdifull og framifrå innsats innan det profesjonelle og frivillige kulturfeltet. Vinnaren får ein pengepremie på 20.000 kroner og eit kunstverk laga av kunstnar Estelle Bourdet. Utval for levekår er juryen som skal vurderer innkomne kandidatar til prisen og avgjera tildelinga.
Tidlegare vinnarar av kulturprisen for Sogndal kommune:
2023: Roar Werner Vangsnes, styremedlem i opplev Leikanger, pådrivar for Fruktbare dagar, medgrunnleggar og motor for Kjeringi Open og revysjef for Palmerevyen.
2022: Terje Vatlestad, pådrivar og kulturberar i Sogndal kommune gjennom ein mannsalder, mellom anna gjennom Sogndal storband.
2021: Sognametalbandet Vreid, med Sture Dingsøyr, Stian Bakketeig, Jarle Kvåle og Jørn Holen
2020: Geir Hjetland, kunstnar og skulptør