Psykisk helseteam i kommunen arbeider no med å bygga opp eit koordinert aktivitetstilbod til personar med utfordringar innan psykisk helse og rus.
Me ynskjer å få tilbakemelding frå dei dette tilbodet kan vera aktuelt for, og håper difor at dei vil svara på eit anonymt spørjeskjema. Me vil mellom anna gjerne vita kva for aktivitet ein kan tenkja seg å delta på, og kvar og når det passar best.