Frå 1. januar 2025 er alle kommunar i Noreg pålagd å legga til rette for utsortering av tekstilar. Produksjon av klede brukar for mykje naturressursar til at me kan halda fram med å kasta det i restavfallet, som vert sendt til forbrenning.

For å imøtekomma kravet legg SIMAS no til rette for utsortering på miljøstasjonane. Det finst alt ulike aktørar som Fretex og UFF som tek imot klede til ombruk i Sogn. I tillegg til mottak av klede til ombruk, vert det no sett ut eigne behaldarar for øydelagde klede på miljøstasjonane.

Les meir på nettsida til SIMAS om kva som vert rekna som øydelagde tekstilar og kva som skal gå til ombruk: Utsortering av klede og tekstilar