Valgdirektoratet har utvikla ei elektronisk løysing for å oppretta listeforslag, samla inn underskrifter og levera listeforslag ved kommunestyre- og fylkestingsvalet.
Det er valfritt om de ønskjer å bruka den elektroniske løysinga, eller om de heller vil levera listeforslaget på papir. Kommunen oppmodar til bruk av den elektroniske løysinga – den gjer prosessen enklare, men følgjer same regelverk og fungerer på same måte som papirløysinga.
Opprett listeforslag i listeforslagsportalen
De kan elles levera listeforslag i innbyggartorget i Sogndal i opningstida, eller senda det til postmottak@sogndal.kommune.no eller Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal
På nettsida til Valgdirektoratet finn de meir informasjon om innlevering og om kva krav som vert stilt til listeforslaga: https://www.valg.no/om-valg/stille-til-valg/listeforslag/