I Sogndalsskulen har me mange dyktige tilsette på kvar sitt område, og innan kroppsøving og symjeopplæring har me tre tilsette som har sertifisert seg for å kunne gjennomføra kurs i livberging, sjølvberging og symjeopplæring ute for andre tilsette i kommunen.
Det er viktig at tilsette har kunnskap om farar i og ved vatn, har livredningskompetanse og har kunnskap om korleis ein skal driva symjeopplæring ute for at elevane sjølve skal kunne utvikla denne kompetansen.
Denne veka var det tilsette ved Fjordtun oppvekstsenter og Norane oppvekstsenter som gjennomførte kurs for livberging og symjeopplæring ute, og tilsette frå både barnehage og skule på begge einingane deltok. Alle deltakarane gjennomførte kurset med glans. Kurset består av ein teoridel og ein praktisk del, og kurshaldar var Ragnhild Myhre, som er tilsett ved Kvåle skule.