Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekke andre regionar i Noreg, måtte vera i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. No vert vedtaka oppheva frå søndag 22. mars.
Har hatt god effekt
- Då vedtaket vart fatta, var det eit lågt smittepress i vår region, og me såg det som vårt ansvar å gjera alt me kunne for å halda det slik så lenge som mogeleg. Det har også vore viktig å beskytta sjukehusa våre og det lokale helsevesenet i kommunane mot smitte så lenge som mogeleg, seier kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes.
– Dette har vore inngripande tiltak, men dei har blitt gjort for å gi innbyggjarane våre eit betre vern i ein situasjon der spreiing av smitte framleis var klart forskjellig i ulike regionar, seier kommuneoverlege i Sogndal, Leiv Erik Husabø. - Vedtaka har vore ei forsterking av tiltak som allereie var sett i gong nasjonalt, og me har sett at dette har hatt ein god effekt både gjennom sjølve karantenereglane, men også gjennom ei auka merksemd omkring alle dei tiltaka me alle må gjera i kvardagen vår.
Tek på alvor
Det har vore gjort slike vedtak i mange kommunar i landet, og tiltaka har ført til at mange bedrifter har måtta gjort tilpassingar i drifta utover det som dei nasjonale vedtaka har ført til.
- Dette har vore ein del av den vurderinga som vart gjort då vedtaka vart fatta, seier kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale. – Vedtaka la til rette for at forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar ikkje skulle verte hindra av lokale karantenereglar, og me har som kommuneoverlegar i dei aktuelle kommunane vore opptekne av å vera tilgjengelege for rettleiing av næringslivet i samband med vedtaka. Me har med dette nådd ut med mykje god smittevernrettleiing i enkeltsaker, og me har sett at næringslivet har teke situasjonen på alvor og gjort det dei kan for å redusera spreiing av smitte mellom lokalsamfunn.
Faglege råd
Etter lova har vedtaket ei varigheit på sju dagar, og ei eventuell forlenging av vedtaket må vurderast ut ifrå noverande utbreiing av koronaviruset og dei faglege råda frå Folkehelseinstituttet.
– Me ser no at me er på veg over i ein ny situasjon der smitte med koronaviruset vert påvist i fleire og fleire delar av regionen vår, og me veit at me ikkje får testa nok til å fanga opp alle som kan vera smitta i lokalsamfunnet vårt, seier Frode Myklebust, som er kommuneoverlege i Årdal, Lærdal og Aurland. - Folkehelseinstituttet si vurdering er no at lokale vedtak om karantene ved reise innanlands ikkje lenger vil ha den effekten me ønskjer oss. Me har difor ikkje funne grunnlag for at kommunane skal forlenge dei vedtaka som vart gjort.
Reis minst mogleg og hald avstand
Frå søndag 22. mars vil ikkje dei lokale karantenvedtaka lenger vere gjeldande, men eit samla fagmiljø av kommuneoverlegar ber framleis befolkninga om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem. Alle vert oppmoda til å reisa minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halda avstand og ha stort fokus på handhygiene. Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon, skal halda seg heime for å ikkje smitta andre.
– Me ser stor vilje blant enkeltpersonar og bedrifter til å gjera alt dei kan for å bremsa spreiinga av viruset, og uavhengig av lokale vedtak, vil fokuset måtte vera det same framover, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune. - Kvar og ein kan gjera ein viktig forskjell med desse tiltaka, og bidra til å beskytte dei mest sårbare i samfunnet vårt.
Det er berre dei lokale karantenevedtak i Sogn og Fjordane som vert oppheva søndag 22. mars. Personar som sit i karantene etter nasjonale føringar som til dømes utanlandsreise, eller på grunn av kontakt med smitta eller mistenkt smitteførande person, skal framleis vera i karantene.