Me har eit solid fagmiljø, dyktige rettleiarar og ein kultur som satsar på lærlingar – for me veit at de er framtida!
Innanfor desse områda kan du bli lærling hos oss:
- Barne- og ungdomsarbeidar – jobb med barn og unge, og bli ein viktig ressurs i kvardagen deira.
- Dataelektronikar – perfekt for deg som vil jobbe med teknologi, nettverk og elektroniske system.
- Helsefagarbeidar – ei framtidsretta utdanning for deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorg eller helsevesenet.
- Anleggsmaskinførar – likar du store maskinar? Her får du køyre og handtere avansert utstyr.
- Service og administrasjon – ein variert og viktig jobb innan kontor, økonomi og service.
Kvifor velje Sogndal kommune?
- Fast jobbmoglegheit etter læretida
- Trygg og god oppfølging av erfarne rettleiarar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø som vil at du skal lykkast
- Praktisk erfaring du vil ha nytte av resten av livet
Søk no!
Søk lærlingplass i Sogndal og elles i Sogn via søknadsportalen til Sogn opplæringskontor: https://soknad.olkweb.no/sogn
Søknadsfrist: 1. mars 2025