Muren skal flyttast lengre inn for å betra sikt og gjera krysset tryggare. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Fylkeskommunen skal utbetra krysset der vegen til Rutlin møter fv. 5613 Dalavegen i Sogndal. I anleggsperioden blir det einvegskøyring, og krysset vert stengt for syklande og gåande.
Arbeidet startar i midten av august. Fortauet som går gjennom anleggsområdet blir stengt for gåande og syklande, og det betyr at nokre må velja andre ruter enn dei er vande med. Prosjektet skal vera ferdig innan november.