Tema for dagen var henta frå prinsipp for læring, utvikling og danning. Temasamlinga hadde tre delar. Ordføraren fekk ordet fyrst og sette fokus på korleis medborgarskap kan sjå ut gjennom politisk arbeid.

Som dagleg leiar i Balestrand frivilligsentral fekk eg lyfte fram litt av alt det gode og viktige frivillige arbeidet i Balestrand under temaet deltakande medborgarskap. Eit forsøk på å samanfatte kva som ligg i deltakande medborgarskap kan sjå slik ut: Den deltakande medborgaren er oppteken av meir enn sine rettar (rett til skulegang, helsehjelp...), plikter (å følgje lovar og reglar...) og eigne interesser, men og å bruke sine ressursar (tid, kompetanse, pengar...) på samfunnet anten lokalt, nasjonalt eller globalt.

Avslutningsvis fekk to representantar frå russen knyte refleksjonar til medborgarskap sett i eit globalt perspektiv, med utgangspunkt i elevane sitt gode og viktige arbeid kor dei støttar ulike prosjekt i Mali/Vest-Afrika. Seinare på dagen sprang elevane med god hjelp av personale på skulen, føresette og andre som var på besøk denne dagen inn heile 440 000 kroner til prosjektet. Gratulerer!