På sakslista står mellom anna årsbudsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024.
Finansutvalet, som er formannskapet utvida med gruppeleiarane i partia som ikkje er representerte der, har det politiske ansvaret for budsjettprosessen gjennom heile året. Det har vore fleire møte gjennom året der administrasjonen har lagt fram arbeidsdokument og gitt finansutvalet høve til å justera retninga på budsjettprosessen. Finansutvalet legg no fram forslag til budsjett og økonomiplan for formannskapet, før kommunestyret vedtek det endeleg i desember.
Sakslista og sakspapira til møtet finn du i møteplanen på nettsida til kommunen.
Denne veka er det også møte i:
- Eldrerådet: 23. november klokka 12 - saksliste og sakspapir finn du her
- Råd for menneske med nedsett funsjonsevne: 23. november klokka 09.15 - saksliste og sakspapir finn du her
- Kontrollutvalet: 24. november klokka 09 - saksliste og sakspapir finn du her
- Plan- og forvatningsutvalet: 24. november klokka 09 - saksliste og sakspapir finn du her
- Ungdomsrådet: 24. november klokka 16 - saksliste og sakspapir finn du her
Sogndal kommune sender møtet i formannskapet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Sendinga kan du følgja i videoruta under frå klokka 09: