Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Status nasjonale føringar
Barnehagar og skular kan halda ope i påsken dersom det er behov for dette (tilsyns- og omsorgstilbod)
 
Status eigen organisasjon
  • Kommuneoverlege
    Ingen nye smitta
    Opplever at mange er urolege over det som ein høyrer frå andre plassar i verda
     
  • Kommunalsjef helse og omsorg
    Ikkje noko nytt, fortset å klargjera lokasjonane
     
  • Kommunalsjef oppvekst
    Det er ynskjeleg frå sektoren at ein får ein dag til planlegging dersom det viser seg at ein skal opne att rett over påske
     
  • Kommunalsjef plan og samfunn
    Ikkje noko nytt
     
  • Ordførar
    Har hatt samtale med ordførar i Vik. Veit me noko om omfang av sesongarbeidarar i kommunane? Korleis riggar vi oss eventuelt for dette i helsevesenet? Smittevernlegen er kobla på dette, sannsynlegvis kjem det nasjonale reglar for dette.
    Beredskapsplanar for matproduksjon – ta kontakt med bondelaget
     
  • Rådmann
    Samarbeid og dialog med nabokommunar
     
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Jobbar med informasjon som skal ut i samband med påsken