Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, leiar Dokumentsenter Reidun Hågvar, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau,
Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg
Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
Eksterne
Røde kors v/ Knut Henning Grepstad og Heimevernet v/ Bård Lilleeng
Status nasjonale føringar
20.april 2020
Barnehagar kan opne
Fysioterapeutar og psykologar kan starta å jobbe att
Hytteforbod er oppheva
27. april 2020
1. – 4. trinn i skulane og SFO kan opne
Større idretts- og kultur arrangement framleis er forbode fram til 15. juni 2020.
Ny vurdering av tiltaka innan 1. mai 2020. Dette har innverknad på m.a. markering av 8. mai og 17. mai.
Kommune må legg til rette for at personar som kjem til kommunen som er smitta eller er i karantene legg til rette for overnatting på hotell eller anna stad når vedkomande ikkje kan være heim pga. smittespreiing.
Kulturskulerådet – ikkje anbefalt at dei ikkje opnar kulturskule, men at ein held fram med heimeundervisning. Sogndal kommune held fram med heimeundervisning.
Status eigen organisasjon
- Smittevern/kommuneoverlege
Ingen nye smitta i kommunen
Ventar på svar på prøvar som er teke frå personar med symptom som er tilreisande. Kjem frå større byar.
Helse Førde har fått betre testkapasitet, slik at fleire no kan bli testa (t.d. nærkontaktar)
- Helse og omsorg
Ikkje noko nytt sidan sist
Har fått tak i meir smittevernutstyr
- Oppvekst
Opning av barnehage, skule og SFO.
Det kjem nasjonale retningsliner 16. april for barnehage og 24. april for skule.
Tek avgjersle om opning av barnehagane seinast 16. april.
Ressursar frå oppvekst til helse og omsorg er ikkje lenger tilgjengeleg for å hjelpa til i helse og omsorg etter opning av barnehage og skule.
Lagar informasjonsskriv som skal leggast ut på nettsida i dag. Det vert overordna informasjon i dag og meir detaljert informasjon etter påske.
- Plan og samfunn
Ikkje noko nytt
Alle tenesteleiarar er tilgjengeleg gjennom påska
- Ordførar
Møte fylkesordførar ordførar og andre ordførar i regionen-.
Har drøfta tiltak knytt til næringsliv – opplever godt samarbeid i regionane.
Opning av skulane og skuleskyss – ynskjer at kommunane melder inn om det er andre ynskjer/løysingar enn ordinær skuleskyss.
Offentleg transport og smittevernstiltak.
Kommune/helseføretak – diskutert at det skal vere større del av fordeling av smittevernsutstyr til kommunane enn tidlegare.
- Kommunikasjonsrådgjevar
Ventar på informasjon frå oppvekst om det skal ut på nettsida.
Vaktordning på informasjon i påska (torsdag 09. og måndag 13.), andre dagar kan informasjonsstaben v/Mariann kontaktast.
- Rådmann
Jobbar med økonomiske verkemiddel – vi skal koordinere oss gjennom KS.
Mål om halde næringslivet i sving. Det er bedt om å melde inn behov slik at ein kan løyse ut midlar for å halde næringslivet i gang.
Ressursbanken må vere oppdatert etter endringa på skule og barnehage
Runde med dei som er invitert inn eksternt:
- Røde kors
Bygdene fungerer godt.
Hjelpekorpset er i beredskap. Er på Fjærlandssete, og vil vera i Hodlekve om det blir bra vær.
«Ring ein ven»-opplegget har fungert godt.
Oppfattar at ting går fint og at «linjene» fungerar
- Heimevernet
Ikkje noko nytt å melde. Er framleis klar for innsats om kommunen har behov for hjelp.
Nasjonalt har politiet teke over ansvar for grensevakt