Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, 
kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, 
CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost), Aina Thomassen
 
Eksterne 
Røde kors v/ Knut Henning Grepstad 
 
 
Status nasjonale føringar
Det ligg føre rettleiarar for helsestasjon, bransjerettleiarar for frisørar m.m.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ikkje nye smitta. Tek prøver med jamne mellom rom, alle har vore negative.
    Mykje spørsmål knytt til «gråsoner» som dagstur-hytter, fotpleiarar på institusjonar, trampoline i parken, m.m. Vurderast etter skjønn.
    Smittesporing – har utarbeidd rettleiar for gamle Sogn og fjordane fylke. KS jobbar med digital løysing for å logga inn via bank-ID for legar. 
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt
  • Oppvekst
    Er i drift att. Siste klasse trinn på Kaupanger, Kvåle og Trudvang startar onsdag. 
    Leige lokale av Sogndal fotball. 3 klasserom og auditoriet i tribunebygget – areal på om lag 600 kvm. Størst utfordring til plass på Trudvang.
  • Plan og samfunn
    Ikkje noko nytt
  • Ordfører
    Det er etablert reiselis-nettverk på vestlandet. Ser på ulike utfordringar m.a. camping-plassar.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Førebur informasjon om 17. mai. Annonse i avis og på nettsida.
    Har oppdatert informasjon frå helse og omsorg som vert lagt ut på nettsida.
    Kommunen oppretta eigen e-post spesifikt knytt til korona. Denne vert ikkje lenger svart ut av helsepersonell grunna kapasitet, men vidaresendt til postmottak.
     
  • Rådmann
    Fokus på økonomi-pakken frå staten som vert lagt fram i dag.
    Situasjonen er stabil no. Redusera møte i kriseleiing til 1 gong i veka så lenge situasjonen er slik den er no. Møte vert lagt til tysdagar. Eksterne vert ikkje invitert no, oppmodast om å ta kontakt med kommunen om det er behov for det. 
 
Runde med dei som er invitert inn eksternt:
 
  • Røde kors
    Er klar med tenester når dei får klarsignal.
 
Neste møte
tysdag 19.05 kl.12.00