Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Eksterne 
Sivilforsvaret v/ Stein Moten Rønningen, Røde kors v/ Knut Henning Grepstad  og Heimevernet v/ Bård Lilleeng 
 
Status nasjonale føringar
Tilsette i barne og skule (1. – 4.klasse) er rekna som samfunnskritiske personell.
Retningslinene er no endra til at det er nok at ein føresett har samfunnskritisk funksjon for å få tilbod om barnepass, men då kan det ikkje vere andre moglegheiter for barnepass.
Retningsliner for barnehage og skule som er venta kome 16. april kjem truleg i dag 15. april.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta. Ventar svar på nye prøvar.
    Det er kome signal om at det skal gjennomførast fleire testar.
    Ventar på endringar når barnehage og skule startar.
    Tenester innanfor helsesektoren skal gradvis gå tilbake til normal drift.
  • Helse og omsorg
    Fysioterapi og psykologar skal gradvis over til normal drift med ein-til-ein konsultasjonar. Ventar på retningslinjer/forskrifter i slutten av april.
    Bemanningssentralen – bemanninga vert oppretthalden. Må sjå på korleis tilsette som har blitt omdisponert grunna situasjonen no skal gå tilbake til sitt vanlege arbeid. 
  • Oppvekst
    Planlegg opning av barnehagar og skular. Ventar på retningslinjene.
    Kjem innlegg i Sogn avis om opning av barnehagane.
    Pressekonferanse for barn i dag som kan nyttast på nettsida.
    Foreldrebetaling – spørsmål frå foreldre om dei får fritak frå betaling om dei vel å halde barn heime frå barnehage og SFO. Vi held oss til vedtekter i forhold til oppseiingstid og betalingsfritak.
    Styrarmøte i morgon i høve opning av barnehagane. Smittevernlege er med på møtet.
  • Plan og samfunn
    Tenestene går som normalt.
    Ventar på retningslinjer frå skule og barnehagar – viktig med informasjon til teknisk drift. 
    Avdelingsleiar for reinhald vil verte invitert til å vere med i styrarmøtet for barnehagane.
    Møte i dag om tiltak til næringsliv. 
    NAV - liten auke på sosial hjelp før påske.
  • Ordførar
    Har vore i dialog med politiet. Dei melder at dei er nøgd med påska og at det har vore lite hendingar i fylket og i Sogndal. Opplever lite problem i forhold til ungdom og russen – opplever at ungdomen respektera retningslinjene.
    Har vore intervjua av NRK.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Opning av skitrekk, informasjon på heimesida vert vurdert.
    Jobbar med ymse informasjon som skal ut på heimesida.
  • Rådmann
    Har vore i kontakt med Sunnfjord kommune og opplever at vi har lik praksis i forhold til tiltak og nasjonale retningslinjer.
    Viktig med informasjon om at unødig fritidsreiser bør unngåast.
    Møte i 17. mai nemnda 16.04 kl. 20.00 – ynskjer idédugnad på alternativ feiring.
Runde med dei som er invitert inn eksternt:
  • Røde kors
    Alt heilt greitt i påska- ingen særskilte hendingar 
  • Heimevernet
    Ikkje noko spesielt å melde. Er klare når kommunen treng dei.
     
  • Sivilforsvaret
    Ikkje noko nytt frå Sivilforsvaret, stille påske. Klargjering for vårsesong skogbrann og flaum.
 
1. Innkvartering -  Sjuke og smitta som ikkje kan bu heime
 
Konklusjon
Det er gjort avtale med Leikanger Fjord hotell for overnatting: Dei har ein ledig fløy som kan nyttast. Vert koordinert via smittevernlege.
Dei kan og stille med mat og beverting om det er behov for det. 
 
Møter framover
Neste møte fredag 17. april kl.12.00.
Tysdagar og fredagar fast møte framover.
Eksterne vert invitert møter på tysdagar.